Haustens EPSI-undersøking av kundetilfredsheit viser at Telefiber ligg tydeleg over snittet i breibandsbransjen.
Det er vi stolte av!

Dei gode resultata våre betyr at vi også er med på å løfte Altibox-samarbeidet nasjonalt, der Altibox ligg på topp tre på kundetilfredsheit både hjå privatkundar og bedrifter.

At kundane i regionen er så nøgde, er ei viktig stadfesting av arbeidet som blir lagt ned av heile Telefiber-gjengen, frå eigarar til tilsette.
Og ekstra kjekt er det at resultatet vårt bidreg positivt inn i Altibox-familien
, seier dagleg leiar i Telefiber, Svein Foldøy.

EPSI måler blant anna produktkvalitet, relasjonskvalitet, verdi for pengane og lojalitet.
Telefiber viser solide resultat på fleire område – men undersøkinga gir oss også verdifull innsikt i kva vi kan bli betre på.

Vi er ikkje perfekte. Kundane har gitt oss gode tips til forbetringar, og dei tar vi på største alvor.
Vi skal vere tett på, hjelpe dei som treng det og jobbe målretta for å levere endå betre opplevingar framover
, seier Svein.

Med lokalt eigarskap og kjennskap, korte linjer og eit sterkt lag i ryggen skal Telefiber halde fram med å levere trygg, stabil og framtidsretta fiber til heile regionen.
Vi vil bruke 2026 til å få både endå fleire og endå meir fornøgde kundar i regionen vår, samt å bidra til lokal aktivitet og konkurransekraft.