Om Telefiber

Telefiber AS er eit selskap som vart etablert i 2006 og leverer breiband til privat-, fritids- og bedriftskundar i kommunane Fyresdal, Hjartdal, Kviteseid, Nissedal, Seljord, Tokke og Vinje. Opphavleg starta selskapet opp med sin eige internett og tv-løysing som vart levert over DSL, radio og fiber, men frå 2012 vart me ein del av Altibox-partnarskapet. Sidan den gong har me kontinuerleg bygd ut den beste infrastrukturen i marknaden for å kunna levera høgfarts internett og ei fleksibel tv-løysing til kundane våre.

Saman med eigarane våre, jobbar me kontinuerleg med å byggja ut fiberinfrastrukturen til flest mogleg i regionen vår, slik at dei som ønskjer kan få tilgang til ein suveren breibandsteknologi og nærast uavgrensa internettkapasitet.

Telefiber er eigd av Vest-Telemark Kraftlag AS (50%), Rauland Kraftforsyningslag SA (40%) og Skagerak Energi AS (10%).

Hva kan vi hjelpe deg med?

Telefiber AS

Kundeservice for Altibox er døgnopen.

Ring Altibox: 350 25 050

Opningstidene våre
Kvardagar: 08:00-15:30

Innanfor opningstida til kontoret kan me hjelpa deg med følgjande:

  • Sjekka moglegheit for fiber
  • Oppretta, endra og avslutta abonnement
  • Faktura spørsmål
  • Teknisk support

Besøksadresse
Høydalsmovegen 815
3891 Høydalsmo