Det er faktisk forskjell på breiband!

Når vi seier at fiberbreiband frå Telefiber er premium breiband, så er det ikkje berre eit slagord. Det handlar om teknologi, stabilitet og oppleving i kvardagen.

Det finst fleire måtar å levere internett på:

 

 

Hos Telefiber leverer vi fiberbreiband i samarbeid med Altibox – og det er den mest stabile og framtidsretta løysinga du kan få.

 

 

Kvifor er fiber premium?

Fiber sender data som lys gjennom glastrådar i eigne kablar direkte til bustaden din. Dette gir deg som brukar:
✔️ Stabil og forutsigbar fart
✔️ Like rask opplasting som nedlasting
✔️ Minimal forseinking (latens)
✔️ Kapasitet som toler strøyming, gaming og heimekontor samtidig
✔️ Ei løysing som er klar for framtida

Der mobilt breiband, satelitt og coax deler kapasitet mellom mange brukarar i same område, får du med fiber ei dedikert linje heilt heim.
Fiberen er heller ikkje påverka av værforhold eller temperatur.

 

Fornøgde kundar – fordi det faktisk fungerer

Vi får stadig tilbakemeldingar frå kundar som opplever at nettet frå Telefiber er stabilt, raskt og problemfritt. Det betyr noko for oss. Vi er ein lokal leverandør som bryr oss om opplevinga du har – kvar dag.

Opplever du problem? Det er ofte wifi – og det kan vi fikse
Mange trur at det er fiberen som er problemet dersom nettet kjennest tregt. I realiteten er det svært ofte wifi-signalet inne i huset som treng litt optimalisering.
Store bustader, tjukke veggar eller mange einingar kan påverke dekninga.

Den gode nyheita?
-Dette ordnar vi!

Ta kontakt med oss, så hjelper vi deg med:
– Optimal plassering av ruter
– Oppgradering av utstyr
– Mesh-løysingar for betre dekning
– Rådgiving tilpassa bustaden din

Fiberen inn til huset leverer – vi sørgjer for at wifi-en din gjer det same 🙂