Kvitsund Gymnas har representert både skulen og regionen vår under NM i volleyball for vidaregåande skular i Oslo, og innsatsen dei har lagt ned i forkant gjer deltakinga til ein prestasjon i seg sjølv.

Bak NM-plassen ligg det hundrevis av treningstimar, gjennomført utan proff trenar og utan eit stort støtteapparat, men med ei imponerande vilje, eit sterkt samhald og eit felles mål om å bli betre – saman.

For oss i Telefiber handlar sponsing om langt meir enn synleghe it; det handlar om å støtte ungdommar som tør å satse, som legg ned arbeidet som krevst, og som representerer lokalmiljøet vårt med stoltheit og engasjement.

Difor var det heilt naturleg for oss å bidra slik at laget fekk reise til Oslo og måle krefter mot dei beste skulane i landet, og vi er både stolte og takksame for å få vere ein del av denne reisa.

 

Vi gratulerer laget med ein sterk gjennomføring og ser fram til å følgje dykk vidare.