Varsel om prisjustering frå 01.05.2025
Frå 01.05.2025 vil Telefiber justere prisane på sine breibandsprodukt til privatpersonar.
Kvifor blir prisen endra?
Det generelle prisnivået i samfunnet stig og vi opplever auka kostnadar frå våre leverandørar knytt til bygging og drift av løysingane, samtidig som vi investerer i å forbetre og vidareutvikle tenesta vi leverer. Vi justerte sist prisane i mars 2023.
Avvikling av produktet Fiber 20/20
Vi vil også avvikle produktet Fiber 20/20 frå og med 01.05.2025. Kundar som har dette i dag, vil bli overflytta til produktet Fiber 50/50 fortløpande etter denne datoen og bli fakturert for dette. Eit mål med dette skiftet er å tilby hastighet i tråd med dei minstemåla som myndighetane har sett for breiband i statsstøtta utbyggingsområde.
For dei av kundane våre som kan gå over på ei løysing frå Altibox, vil vi anbefale dette. Sjekk om du kan få Altibox ved å sende oss ein e-post, eller ved å ringe oss.