Regionen vår er stor og med lange avstandar, og det er ikkje alle stadar at trygg skuleveg er tilgjengeleg. Ofte må elevar vente på bussen langs vegen, eller gå eit stykke langs dårleg opplyste vegar om morgonen. Difor har Telefiber i løpet av 2025 delt ut effektive refleksar til over 500 elevar på grunnskular i Vest-Telemark.

-Og vi er ikkje ferdige!
I løpet av 2026 håpar vi alle grunnskuleelevar i Vest-Telemark har fått tildelt ein refleks dei kan henge på jakka, sekken eller buksa så vi ser dei i tide 🙂
Og skulle du ønske ein refleks sjølv, stikk innom oss på kontoret og plukk med deg til alle i familien!