Aktuelt

Ekstremvær og utfall av tenester
- Publisert:
Uværet Amy passerte gjennom regionen vår i helga.
Telefiber har hatt skjerpa beredskap, og det har vore jobba kontinuerlig for å rette feil og få oversikt over skader og utfall.
Den jobben vil fortsette dei neste dagane, og nokre område vil oppleve at det tar tid å kome på nett igjen.
Vegar må ryddast, nye luftstrekk og stolpar må på plass, fiberkablar må skøytast og elektronikk må i nokre tilfelle byttast ut.
Ser du åpenbare feil på linjer inn til ditt anlegg, send oss gjerne informasjon om dette til post@telefiber.no

Altibox vant Norsk Kundebarometer!
- Publisert:
Av alle som har internett i Noreg er det kundar av Altibox-partnerskapet som er dei mest fornøyde. Det har Norsk Kundebarometer nok ei gong fastslått.
Me er takknemlege for tilliten de viser oss, og resultatet frå KSIndeks motiverar oss til å jobbe for å gjere dikka enda meir fornøyde. Me fortsett med å vere lokalt tilstades med kundeservice og montørar. Telefiber er veldig stolte av å vere den lokale delen av denne seieren!
Tusen takk til alle våre kundar!

End of Support for FMG
- Publisert:
Om du har ein heimesentral lik den på biletet og i videoen, ta gjerne kontakt med oss for å avtale henting av ny heimesentral.
Frå 01.12.2024 beslutta Altibox at heimesentralen ikkje lenger vil kunne få oppdateringar eller teknisk støtte.

Hurra – 6000 Altibox kundar
- Publisert:
Det siste året har for oss vore utruleg hektisk. Me har opplevd ein stor pågang då mange ønskt seg fiber til heimekontor, heimeskule, hyttekontor, gaming, underhaldning og TV.

Noregs mest fornøgde kundar 🥇
- Publisert:
Det siste året har kravd ekstra mykje av oss alle – med heimekontor, heimeskule og lite fritid utanfor dei fire veggene i huset. Det betyr derfor ekstra mykje at Altibox-partnarskapet for 12. år på rad har dei mest fornøgde kundane i bransjen, både for privat- og bedriftsmarknaden, ifølgje Epsi Rating Noregs årlege kundetilfredsheitsanalyse. Les meir om Epsi her.