Tokke Lan Party – med støtte frå Telefiber

I helga samla Tokke Lan Party ungdom i Tokke til gaming og fellesskap. Arrangementet gjekk frå fredag ettermiddag til laurdag, og samla ungdom frå 7. til 10. klasse.

 

Telefiber er stolte av å vere sponsor for Tokke Lan Party. For oss handlar sponsing om å bidra til gode og trygge møteplassar der ungdom kan vere seg sjølve, møte andre og dele interesser – også utanfor idretten og dei meir tradisjonelle fritidstilboda. LAN-partyet gir ungdom i lokalsamfunnet ein inkluderande arena der fellesskap og meistring står i sentrum.

 

Deltakarane tok med eigen mat og drikke, og engasjementet og stemninga gjennom heile helga viste tydeleg kor viktig slike tilbod er for ungdom i området.

 

Arrangementet blir arrangert jamleg, og neste LAN-party er planlagt i mars. For meir innblikk i komande arrangement kan du følgje Dalen Ungdomsklubb på Facebook