Om oss

Telefiber AS

Telefiber

Telefiber AS er eit selskap som vart etablert i 2006 og leverer breiband til privat-, fritids- og bedriftskundar i kommunane Fyresdal, Hjartdal, Kviteseid, Nissedal, Seljord, Tokke og Vinje. Opphavleg starta selskapet opp med sin eigen internett- og tv-løysing som vart levert over DSL, radio og fiber, men frå 2012 vart me ein del av Altibox-partnarskapet. Sidan den gong har me kontinuerleg bygd ut den beste infrastrukturen i marknaden for å kunna levera høgfarts internett og ei fleksibel tv-løysing til kundane våre.

Saman med eigarane våre jobbar me kontinuerleg med å byggja ut fiberinfrastrukturen til flest mogleg i regionen vår, slik at dei som ønskjer kan få tilgang til ein suveren breibandsteknologi og nærast uavgrensa internettkapasitet.

Telefiber er eigd av Vest-Telemark Kraftlag AS (60%) og Rauland Kraftforsyningslag SA (40%).

Kva kan vi hjelpe deg med?

Kontakt oss
GDPR

Telefiber AS

Kundeservice for Altibox-kundar

Opningstidene er 07:00 – 22:00 på kvardagar og 08:00 – 21:00 i helg og heilagdagar.

Ring oss: 905 90 002

Opningstidene våre
Kvardagar: 08:00-15:30

Innanfor opningstida til kontoret kan me hjelpa deg med følgjande:

  • Sjekke moglegheit for fiber
  • Opprette, endre og avslutte abonnement
  • Fakturaspørsmål
  • Teknisk support

Besøksadresse
Høydalsmovegen 815
3891 Høydalsmo